søndag 15. desember 2013

RÅÅÅÅSA!

Eg hadde faktisk ikkje trudd at eg nokon gong skulle lage rosa jenterom, men det er eg i full gang med no. Tanken var at det skulle vere eit hint rosa, men det vart vist litt meir... Men eg reknar med at prinsessa vår kjem til å bli henrykt når ho ser resultatet.

her er nokre undervegs bilete av det RÅSA oppusingsprosjektet.

 
Eg hadde akkurat litt for lite tapet, sjølvsagt, men ny rull er på veg i posten.

 
Her skal senga stå i kroken under den rosa himmelen. Skyene har eg måla på sjølv, og dei er vel det eg er mest nøgd med i heile rommet. Eg har bestilt dette stoffet frå Blafre som eg skal lage ei gardin av som skal henge frå skråtaket og ned.
 
 

 
 
Tapeten heiter slottshagen, det passar vel til ei lita prinsessse på to år!
 
Eg gledar meg til ho kjem heim frå helgetur med Mommo og goffa i kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar